Dokument 3:7 (2019–2020) / Offentliggjort Undersøking av om statlege barnevernsmyndigheiter sikrar det beste for barn i barnevernsinstitusjonar
Undersøkinga viser at fleire barn blir plassert i barnevernsinstitusjonar utan at det ligg føre nok informasjon om behova deira. At behova deira ikkje blir godt nok kartlagde, kan føre til feil val av institusjon og utilsikta flyttingar, eller til at tilbodet i institusjonen ikkje er godt nok tilpassa barna.
-
(Åpnes i nytt vindu)
Les oppsummeringa til Stortinget
-
(PDF, 1,24 MB)
Last ned oppsummeringa
-
(PDF, 1,24 MB)
Rapportvedlegg
Kort fortalt
- Barnevernet skal leggje avgjerande vekt på kva som er til det beste for barnet når dei vel tiltak.
- Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) er organisert i fem regionar og har plikt til å tilby det kommunale barnevernet ein plass i ein barnevernsinstitusjon som er tilpassa det enkelte barns behov.
- Behova til fleire barn blir ikkje godt nok kartlagde ved val av barnevernsinstitusjon.
- Fleire barn blir ikkje godt nok følgde opp under opphaldet på barnevernsinstitusjonar.
- Per 31.12.2019 var totalt 774 barn plassert i barnevernsinstitusjonar.
Funn
- Bufetat plasserer barn i barnevernsinstitusjonar utan at det ligg føre tilstrekkelig informasjon om behova til barnet.
- Krava til dokumentasjon og medverking blir i mange tilfelle ikkje etterlevd.
- Det finst ikkje eit felles system for korleis medverking til barn skal synleggjerast.
- 61 prosent av barna flyttar minst ein gong etter at dei blei flytta ut av heimen, og tolv prosent har flytta fire eller fleire gonger.
- Barn blir ikkje blir følgde opp i samsvar med rutinar og retningslinjer.
- Barnevernsinstitusjonar manglar handlingsplanar for barn og rapporterer ikkje om utviklinga til barna.
- Det er døme på manglande dokumentasjon og rapportering på psykisk helsehjelp og barnas medverknad.
Systemet for oppfølging av institusjonar har ikkje i tilstrekkeleg grad sikra kvaliteten i tilbodet som er gitt til barna.
- Vi har gått gjennom 161 rapportar frå Bufetat som handlar om kontroll og godkjenning etter forskrift om internkontroll i institusjonar for åra 2017–2019.
- Bufetat fann brot på forskrifta i 50 av 161 kontrollar.
- 23 av brota handlar om krav til bemanning og kompetansen til dei tilsette.
- Sju av brota handlar om institusjonars målgruppe, målsetting og metodikk.
- Inntaksrådgivare i Bufetat skal jamleg registrere mishald og avvik ved kontraktar og plasseringar.
- Om lag 20 prosent av inntaksrådgivarane i Bufetat kjenner ikkje til system for rapportering om avvik og mishald på institusjonsnivå.
- Bufetat har fram til mars 2020 ikkje hatt eit felles system for rapportering av mishald og avvik hos institusjonar.
- Det er utfordrande å dimensjonere tilbodet av institusjonsplassar rett.
- Dei totale kostnadene har auka frå 2,5 milliardar til 3,3 milliardar i perioden 2016 til 2019.
- Talet på plasserte barn har vore stabilt i perioden.
- Kostnadane i samband med enkeltkjøp av plassar i private institusjonar har auka med 130 prosent i perioden.
- Det har vore ein reduksjon i kostnadane på 14 prosent når det gjeld kjøp av plassar i barnevernsinstitusjonar gjennom rammeavtalar.
- I mange tilfelle følgjer ikkje Bufetat rutinane for innkjøp. Dette gjelder både ved bruk av rammeavtaler og ved enkeltkjøp.
- 71 prosent av inntaksrådgivarane i Bufetat som har svart i spørjeundersøkinga, seier at dei treng meir kompetanse når det gjeld kontraktsforhandlingar med private leverandørar.
Kritikknivå:
Alvorlig
- Utilstrekkeleg kartlegging av behova til barn inneber risiko for gal plassering. Gal plassering kan gje alvorlege konsekvensar for barna det gjeld.
- Det er alvorleg at oppfølginga frå Bufetat ikkje er tilstrekkeleg for å sikre utviklinga og framtida til alle barn som er på barnevernsinstitusjonar.
- Systemet for oppfølging av institusjonar har ikkje i tilstrekkeleg grad sikra kvaliteten i tilbodet som er gitt til barna. Konsekvensen kan vere at barn ikkje får forsvarleg omsorg og behandling, og at tenestene som blir leverte ikkje er tilpassa behova deira. Dette er alvorleg for barna det gjeld.
Kritikknivå:
Sterkt kritikkverdig
Gjennomføring av enkeltkjøp av institusjonsplassar utan at det ligg føre ei grunngiving, kan gje større risiko for at det ikkje blir tatt nok omsyn til behova til barn. Vi meiner dette er sterkt kritikkverdig.
Tilrådingar
Riksrevisjonen tilrår at Barne- og familiedepartementet sørgjer for:
- at val av barnevernsinstitusjon tilpassast behovet til kvart enkelt barn og at barnet får mogelegheit til å medverke til sin livssituasjon
- at det førelegg tilstrekkeleg dokumentasjon på dei vurderingar som ligg til grunn for val av barnevernsinstitusjon og at barnet si utvikling på barnevernsinstitusjonen blir evaluert og dokumentert
- at det utarbeidas planar som skal sikre utviklinga til barn på barnevernsinstitusjonar
- at barnevernsinstitusjonane legg til rette for at barn får nødvendig psykisk helsehjelp under opphaldet på barnevernsinstitusjonar
- at Bufetat følgjer opp kvaliteten i barnevernsinstitusjonar på ein god måte
- at Bufetat har tilstrekkeleg kompetanse til å gjennomføra enkeltkjøp og at kjøpa gjerast i medhald av rutinar
Bakgrunn og mål
Barnekonvensjonen gir barn og ungdom under 18 år eit særleg menneskerettsvern. Det er eit overordna prinsipp i barnevernlova § 4-1 at ein skal leggje avgjerande vekt på kva som er til det beste for barnet når ein vel tiltak. Målet med denne undersøkinga er å vurdere om statlege barnevernsmyndigheiter sikrar det beste for barnet ved plassering og oppfølging av barn i private og statlege barnevernsinstitusjonar, og eventuelle svake sider ved området.
Undersøkinga omfattar perioden 2017 til 2019.
Denne saken er behandla ferdig i Stortinget
Les meir på stortinget.noSpørsmål?

